Front-mot-front stengde veg i Sandnes – to til sjukehus

Detta inlägg post publicerades ursprungligen på denna sida this site ;

Politiet og dei andre naudetatane rykka ut til Sandnes etter ei melding om ein front-mot-front-ulukke mellom to personbilar.
Hendinga skjedde mellom Årsvollvegen og Killinglandveien.
Killinglandveien var stengd.
Førebels trur ikkje politiet at det er alvorlege personskadar, men to personar er frakta til Stavanger universitetssjukehus (SUS) med ambulanse. Det var ein person i kvar bil.
Det er store materielle skadar på bilane. Klokka 07.30 gjer politiet undersøkingar på staden og snakkar med vitne. Litt før klokka 08.30 var vegen opna igjen.
Den eine bilføraren er mistenkt for å ha komme over i motsett køyrebane. Politiet har beslaglagt førarkortet til vedkommande.

NRK RSS

https://www.nrk.no/rogaland/front-mot-front-stengde-veg-i-sandnes-_-to-til-sjukehus-1.17391656