Johansen.se

Rykte ut etter brannmelding på industriområde på Stord

Detta inlägg post publicerades ursprungligen på denna sida this site ;

Brann og politi fekk klokka 09.45 melding om at det brann i ein konteinar inne på eit industriområde på Eldøy på Stord.
– Det er ikkje meldt om personskade og det er uklart om det er spreiingsfare, var den første meldinga frå operasjonsleiar Dag Sverre Steinkopf i Sør-Vest politidistrikt.
Frode Lillerud, innsatsleiar Stord brann og redning, seier til NRK like etter klokka 10 at dei har kontroll på staden.
Konteinaren stod inne i eit lagerbygg for farleg avfall, men brannvesenet har fått denne ut av bygget og sløkt brannen.
– Det er ikkje spreiingsfare og vi har fått kontroll på situasjonen, seier Lillerud.
Ingen er skadde i hendinga. Brannårsaka er ukjent, seier han.
Politiet melder at varmgang i eit oljefilter var årsaka til brannutrykkinga.
Brannvesenet melder klokka 10.18 at dei er ferdige på staden.

NRK RSS

https://www.nrk.no/vestland/rykte-ut-etter-brannmelding-pa-industriomrade-pa-stord---1.17387695

Exit mobile version