Detta inlägg post publicerades ursprungligen på denna sida this site ;
USAs høgsterett har blokkert Trump-administrasjonen frå å deportere migrantar frå Venezuela.
Det skriv nyheitsbyrået AFP.
Donald Trump har tatt i bruk ei lov frå 1798 som han meiner gir rett til å utvise personar frå fiendtlege nasjonar under krig. Lova er ikkje blitt brukt sidan 2. verdskrig.
Dei over 200 venezuelanarane har blitt deporterte frå USA til eit fengsel i El Salvador.
Fleire dommarar har prøvd å stoppe dette. I den ferske rettsavgjerda frå Høgsterett står det at styresmaktene er pålagt å stanse deportasjonen.
NRK RSS
https://www.nrk.no/nyheter/usas-hogsterett-sett-deportasjonen-av-venezuelanske-migrantar-pa-pause-1.17387216