Detta inlägg post publicerades ursprungligen på denna sida this site ;
Ein bil har køyrd inn i tre bilar på parkeringsplassen ved Våge senter i Tysnes.
Politiet fekk melding om hendinga klokka 12.13.
Køyretøyet kom også bort i ei søyle på kjøpesenteret, men det er ikkje fare for at bygget kan kollapse.
– Ingen personar har blitt skadde, men føraren er teken med i ambulanse, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.
Sjåføren er ein eldre person.
Magnussen seier føraren rygga inn i ein bil som vridde seg rundt. – Deretter dunka den bort i hjørnet på senteret og inn i to andre bilar.
To av køyretøya er ikkje køyrbare etter hendinga.
– Kva som er årsaka er uvisst, om sjåføren har fått eit anfall eller at andre ting har skjedd, seier Magnussen.