Ingen tog kan passere Oslo Sentralstasjon

Detta inlägg post publicerades ursprungligen på denna sida this site ;

Det er stans i togtrafikken på delar av Austlandet på grunn av signalfeil, melder Bane Nor.
– Vi har mist kontrollen over fjernstyringa av toga frå togleiarsentralen på enkelte strekningar. Dette gjeld først og fremst Oslo S.
Det seier pressekontakt i Bane Nor, Olav Nordli, til NRK.
Ingen tog kan passere knutepunktet i Oslo. Det går heller ikkje tog på Østfoldbanen, verken på den østre eller vestre lina.
I alt 18 linjer er påverka av feilen, som blei meldt klokka 21 torsdag kveld.
– Det vil ta noko tid å rette opp feilen, men vi har førebels ikkje noko estimat på kor lang tid det vil ta. Det vil bli forseinkingar.
Vy melder om feil på strekningane mellom Oslo og Ås, Lysaker og Lillestrøm, og mellom Rakkestad og Oslo S. Også mellom Oslo og Ski står toga.
Flytoget er òg ramma av stansen.

NRK RSS

https://www.nrk.no/nyheter/ingen-tog-kan-passere-oslo-sentralstasjon-1.17386611